STUTELIHEII – VARSEL OM IGANGSETTING AV DETALJREGUERING.

 

I medhald av Plan- og bygningslova (PBL) §12-8 vert det varsla om oppstart av privat detaljreguleringsplan for Stuteliheii, Valle kommune.

På vegne av Kent M Lund varslar Prosjekthuset AS og Simon Stulien Plan oppstart av planarbeid. I henhold til Plan- og bygningslovens §§ 12-3 og 12-8 meldes det oppstart av detaljregulering for delar av gnr.68 bnr.6 i Valle kommune.

 Avgrensing av planområdet

Avgrensing av planområdet er vist på kart nedanfor, og området Stuteliheii ligg nordaust for Myklevatn og like nord for Garevatn. Den nye planen vil erstatte eksisterande plan for delar av området.

 Formålet med planen

Formålet med planen er å leggje til rette for etablering av hyttefelt med lågstandard – hytter utan innlagt straum og vatn. Planen inneheld 13 stk nye tomter som kvar er på ca 1 – 1,5 dekar. Det skal leggjast til rette for etablering av veg inn til tomteområde og felles parkering eller på eiga tomt. Heile planområdet er på cirka 370 dekar.

 Overordna planstatus og oppstartsmøte

I kommuneplan for Valle kommune 2016-2028 sin arealdel er området i sin heilheit avsett til noverande landbruks-, natur- og friluftsformål, spreidd fritidsbusetnad (LNFR) og det er lagt til rette for 13 stk nye hytter.

 Oppstartsmøte med Valle kommune blei halde 12.mars 2021, og det blei konkludert at kommunen anbefaler oppstart av planarbeid.

 Tiltaket utløyser ikkje krav om konsekvensutredning eller at det skal utarbeidast planprogram, jf. § 8.

 Samtidig vert det varsla oppstart av forhandlingar om utbyggingsavtale, jfr. Pbl.§ 17-1.

 Innspel til planarbeidet
Naboar og berørte vert invitert med dette til å kome med innspel til reguleringsplanarbeidet. Det vert lagt opp til ein medverknadsprosess i tråd med krava i plan- og bygningslova. Det inneber at dei nærmaste naboane kan bli kontakta om forhold knytta til planen og når planen kjem til høyring vil dei bli tilskriva med vedlagt forslag til detaljregulering.

 Spørsmål og eventuelle skriftlege kommentarar, merknader, opplysningar m.v. som kan ha betydning eller interesse for planarbeidet kan sendast innan 20. mai 2021 til: 

 

Prosjekthuset AS v/Tone Straume Wikeland

Mollandsveien 160, 4879 Grimstad

e-post: tone@prosjekthuset.com

 

Planinitiativ, referat frå oppstartsmøte og oppstartsmøte er tilgjengeleg på Valle kommune si heimeside: https://www.valle.kommune.no/